Usikkert ver for X2 Festivalen

Slik såg det ut under X2 Festivalen på Helset i fjor.

Dårleg ver kan skape problem for hoppaktivitetane under X2Festivalen som startar denne veka.

Veret i slutten av veka lovar ikkje bra for luftsportsaktivitetar under X2 Festivalen, skal ein tru på vermeldarane. Det ligg an til både vind og nedbør som snø i høgare strok.

Festivalsjef Eirik Waage kryssar fingrane og håper det ikkje blir så ille. Han seier at ansvarlege for hoppkonkurransane hadde møte i dag og bestemte at all planlegging skulle halde fram inn til vidare. Dei skal ha nytt møte i morgon onsdag 19. april og vil då vurdere situasjonen på nytt, seier Waage. -Det er ikkje ufårleg sport vi arrangerer så vi lyttar til vermeldingane, seier festivalsjefen.

I området ved Helset i Sunnylvsbygda var det planlagt XBase frå Helsetkopen, Speedflying og fallskjermhopping. Også ein gratiskonsert med artisten Øystein Eckhoff ved Helset står i fare for å verte avlyst om veret blir ekstra dårleg.

X2 Festivalen vil sende ut melding om ventuelle endringar eller avlysingar, seier Eirik Waage.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380