Valde Vårkonsert framfor Gullrekka

Stranda kulturskule og Sunnylven sokneråd inviterte til Vårkonsert i Sunnylven kyrkje med lokale elevar fredag kveld. Vi var mellom mange som vart imponert.
Av Fredrik Stadheim.
Foreldre og mange andre valde Vårkonsert med kulturskuleelevar i Sunnylven kyrkje framfor Gullrekka på TV. Det angra dei nok ikkje på. For det spirer og gror mellom song og musikkelevar i Stranda kulturskule. Vårkonserten med rundt 30 lokale elevar vart ei ny, fin oppleving for alle som er glade i song og musikk. Til stades i kyrkja var også tilsette lærarar, Marianne Hafsaas, Synnøve Hjellbakk Hole, Erik Torset og Gunnar Inge Eide som alle forflytta seg att og fram og opp og ned for å legge til rette med mikrofonar, leidningar og notestativ, og bidra til ein vellukka konsert.
Det vart det etter applausen å dømme frå meir enn hundre frammøtte. På notearka til elevane stod både klassisk og barokkmusikk av kjente komponistar som Vivaldi, Bach, Medina og Beethoven. Musikken vart formidla både på tangentinstrument, strengeinstrument og slagverk.
Sunnylven har eit flott og godt kyrkjeorgel. På orgelkrakken fekk mange prøve seg denne kvelden, Nikoline, Ådne, Simen, Anna, Adrian, Kristin, Hanna og ikkje minst Matti. Kanskje blir ein av desse organist i kyrkja om nokre år.

Også pianoet vart spela på av fleire, både Matti, Ådne framførte klassiske «perler». Og Anna trakterte piano og song «What are words» med Sigrid Imilie på fele. Ei gruppe med Sofie og Tonje fele, Isak, Ørjan og Olai gitar spela to korte musikkstykke, «Våren» av Vivaldi og «Marsj» av J.S. Bach. Også to unge jenter, Selma og Ronja Mari viste talent på fele i «Klovnedans» saman med Konrad på trommer. Og langrennsjenta Kristine kan meir enn å gå fort på langrennski. Fredag song ho solo og spela gitar til i «Little do you know».
Så var det klart for finale i den timelange konserten. Det var to gamle salmar framført av eldre elevar og band.
I «Fager kveldssol smiler» fekk publikum høyre Johanne med song og gitar, Espen gitar, Kasper bassgitar, Knut Iver og Loke på tromme og perkusjon. Å få oppleve salmen vi alltid avslutta skuledagen med i barneskulen i deira versjon var berre strålande bra. Litt rokka takt over dei to siste versa var krydder som vi likte.

Aller sist ut var eit nytt ungdommeleg band med besetning Maria og Bertine song og gitar, Mats el-gitar, Kasper bassgitar, Loke og Knut Iver slagverk. Litt ekstra volum og nynorskversjonen av «Ingen kan nå fram til den evige fred» gav nesten vibrasjon i dei gamle tømmerveggane. Ja, nesten så det vart assosiasjonar til Iver Kleive og Knut Reiersrud. Den må vi få høyre igjen seinare.
Det vart ein flott Vårkonsert i Sunnylven kyrkje. Til stades mellom publikum var også rektor ved kulturskulen, Trond Otto Berg. Han kan vere stolt av det som vart framført av elevane, og av jobben frå dyktige lærarar.
Kulturskulen kjem tilbake 9. juni. Då er det Sommarkonsert og vi gler oss alt.


Ingen kan nå fram til den evige fred
«Ingen kan nå fram til den evige fred» (Folketone). Maria og Bertine (song og gitar), Mats (gitar), Kasper (bassgitar), Knut Iver og Loke (trommer og perkusjon). Framført i Sunnylven kyrkje fredag 28.04.2017.
Posted by Hellesylt.info on Saturday, April 29, 2017