Vann etter ekstraspørsmål

Nær hundre personar konkurrerte om sigeren i påske-Quiz på Peer Gynt Galleriet.

For fyrste gong under Quiz på Peer Gynt Galleriet måtte det til ekstraspørsmål for å kåre eit vinnarlag. Til slutt kunne quiz-master Arild Ringdal utrope «Under Kopen» som vinnarar.

I alt 16 lag og nær hundre personar fekk testa kunnskapar under påskequizen på Peer Gynt Galleriet onsdag kveld. Spørsmåla var ei blanding av «hummar og kanari» som quiz-master Arild Ringdal brukar å kalle det. Saman med medhjelpar Egil Røyrhus vart det stilt til saman 40 spørsmål i to omgangar. Og spørsmåla var ikkje av det lettaste slaget, spesielt dei første 20 gav lite poeng til fleire lag.

Etter første runde låg fire lag, Dalen Drillers, Tress-i- ess, Die Mannschaft og Under Kopen likt med 14 poeng. I andre runde drog dei to sist nemnde laga frå og fekk begge 32 poeng. Dermed måtte det ekstraspørsmål til for å kåre vinnarane og først på tredje spørsmål fall avgjersla. Under Kopen kunne juble nok ein gong for siger i Quiz på Peer Gynt Galleriet.

Vinnarlaget fekk ein pengepremie, og i tillegg vart det trekt ut ekstrapremiar mellom deltakarane, dei fleste Ringdalmør sponsa av Ole Ringdal AS.

Her er resultat av påske-Quiz på Peer Gynt Galleriet.

  1. Under Kopen 32.0
  2. Die Mannschaft 32.0
  3. Tress – i – ess 28.5
  4. Dalen Drillers 27.5
  5. Kill Bill 24.5
  6. Under fossen langt frå Kopen 22.0
  7. No Brains 21.0
  8. Turistforeningen 21.0
  9. Damer på vift 20.0
  10. Borte bra, heime best 20.0
  11. Hansagjengen 19.5
  12. La Familia 19.0
  13. Unicorns 17.0
  14. Quesedillas 16.5
  15. Onomatopoetikon 16.5
  16. Helmarks rally 15.5

    Vinnarlaget Under Kopen ; Frå venstre Lars Fivelstad, Svein Erik Frøysa, Hans Jørgen Fivelstad, Fredrik Stadheim, Gunnar S. Fivelstad, Thomas Sørensen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380