LokalnyttLokalsport

Vann Sandsøya rundt

Hege Ringdal vann Sandsøya rundt langfredag. (Foto frå arkivet)

Hege Ringdal, Sunnylven IL starta sesongen med joggesko på beste måte. Langfredag vann ho Sjutoppsturen på Sandsøy.

Sandsøy idrettslag er arrangør av Sandsøya rundt, eit fjelløp med pluss – minus 1000 høgdemeter, fordelt på 15.0 km. Sju fjelltoppar skal bestigast med bratte mot –og nedoverbakkar. For å kome seg til dei sju fjelltoppane er det også litt asfaltløping imellom toppane, skriv nettstaden Kondis.

Hege Ringdal, Sunnylven IL vann kvinneklassa, føre Lillian Todnem, Frei, og med Wenche Bjørkeng, Gjerdsvika på den siste pallplassen.

I konkurranseklassa stilte fire damer. Her er resultat med mellomtider;

1. Hege Ringdal, Sunnylven IL   1.19.48 – 2.06.50

2.Lillian Todnem, Frei                 1.19.28 – 2.09.19

3.Wenche Bjørkeng, Gjerdsvika 1.29.58 – 2.25.10

4. Yvonne Flo Myskja                 1.49.50 – 3.04.12

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380