Verdsarvgudsteneste på Haugsetsætra
I fjor vart det halde Verdsarvgudsteneste på Herdalsætra i Norddal. I år blir det ny gudsteneste under «open himmel» på Haugsetsætra i Geiranger.
Det er Austre Sunnmøre prosti, som omfattar kommunane Skodje, Sykkylven, Ørskog, Stordal, Norddal og Stranda som inviterer til verdsarvgudsteneste Haugsetsætra i Geiranger. Arrangementet søndag 11. juni er i samarbeid med Verdsarvstiftinga .
Dette er ei gudsteneste for heile prostiet, opa for alle. Skaparverket vil på ulikt vis vere tema for gudstenesta og det som skjer i etterkant, skriv prost Svein Runde i ei pressemelding. Han opplyser at det blir song av barnekor, natursti og høve til korte familieturar.
Haugsetsætra var aktiv sæter for Møllsætergardane, og ligg høgt og flott til øvst i Møllsbygda med god utsikt over fjorden og landskapet. For å kome til Haugsetsætra frå Geiranger føl ein fylkesveg 63 til høgda av Møllsbygda. Der i frå er det ein liten times spasertur etter god rås.
I 2009 hadde Storfjordens Venner sitt sommarstemne her med 5-600 unge og eldre til stades.