VERSTE SNØVERSPÅSKE I MANNS MINNE

Det som lenge teikna til å kunne bli ei påske i vårens teikn, utvikla seg på dei indre strøk av Sunnmøre til å bli den verste snøverspåska i manns minne. Fram mot 2 meter nysnø vart det målt somme stader i Sunnylven, og problema hopa seg opp. Men utanom skadane på Frøysasetra, er det ikkje meldt om verken større materielle skader eller personsskader i bygda i påskehelga.

STENGDE VEGAR OG TRAFIKKAOS

Riksveg 60 vart 2. påskedag stengd av eit stort ras i Herdalen, og vegen mellom Ljøen og Hellesylt vart og stengd grunna rasfåre. Ljøgardane vart dermed isolerte fram til tysdag kl.15.30 då vegen på ny vart opna. Medan rv 60 var stengd, sette MRF inn to ferger på strekninga Hellesylt- Stranda. Men desse var ikkje på plass før ut på ettermiddagen 2. påskedag. Då hadde det samla seg ei enorm bilkø rundt om i Hellesylt sentrum. Opp til 120 bilar vart talde opp, og avviklinga av trafikken var ei stund nærast kaotisk. Først rundt 22.30 om kvelden kom dei siste bilane med ferga. Dei som venta lengst, måtte sete i kø fram mot 7 timar. Rv 60 er no (onsdag) open om dagen, men det er innførd nattstenging på strekninga Hellesylt – Stranda.

FONNER TOK SETER OG STRAUMEN

Det har ikkje gått særleg mange fonner etter det store snøfallet, men Frøysa- setra vart påført store skader av ei fonn. (Meir om dette på neste side.) Litt før fire om ettermiddagen 2. påskedag vart og straumen borte i bygda. Det var linjebrot ved Storstein og ved Tomasgard i Hornindal. E- verket fekk utbetra skadane og sett på straumen att mellom kl 22. og 22.30 om kvelden.

UTAN TELEFONSAMBAND

Sunnylven var og tysdag utan telefonsamband med omverda frå morgonen av og ut på ettermiddagen. Det var ein feil ved ein av sentralane her i bygda som var årsaka, og feilen vart utbetra av folk frå Televerket. Her kan vi legge til at telefonautomaten som står i Hellesylt sentrum og var i ustand 2. påskedag, og alle som sat i bilkø var henvist til å låne privattelefonar for å kunne få ringe frå bygda.

KOMMUNESTYREMØTET UTSETT

Det var tillyst kommunestyremøte til onsdag 14. april. Møtet skulle haldast i Liabygda. Men møtet måtte utsetjast grunna dei usikre vertilhøva. Som det såg ut til, ville det vere både tungvindt og vanskeleg å få samla kommunestyrerepresentantane i Liabygda. Møtet er utsett til onsdag 21. april.

På biletet over kan ein få eit visst inntrykk av det trafikkaos som ei stund herska i sentrum. Bilar stod overalt nede i gata og heilt opp i Bedehussvingen – og snøen lava ned.

Ved rasfåre: Lækjar på vakt på Hellesylt.

– I tidsrom der rasfaren vert vurdert til å vere stor på Ljøvegen, vil vi ta sikte på å halde beredskapsvakt på Hellesylt med ein lækjar med bil. Dette opplyser lækjar Bjørn Antonsen til «Sunnylvingen». -Når vegen er stengd, tek det etter vår meining for lang tid å kome seg til Hellesylt med ferje, særleg om ferja ligg på Hellesylt. Difor tek vi sikte på å halde ei slik beredskapsvakt. Vi kan då, om det vert naudsynt, eventuelt og køyre til Nordfjord, seier Antonsen. Antonsen hadde sjølv beredskapsvakt på Hellesylt tysdag og onsdag, men måtte då innkvarterast hos private kjenningar då det ikkje står bolig disponibel for lækjar. Og Antonsen kan fortelje at det i løpet av dei to dagane han var på Hellesylt, var god bruk for han : – Ja, i to tilfelle er eg glad for at eg var på Hellesylt desse dagane, seier Antonsen. Når det gjeld beredskapsbolig for ein lækjar, må det nemnast at kommunen disponerer eit husvære på Hellesylt, som i alle fall måtte kunne høve til slik bruk. No står husværet i alle fall tomt.

 

Fint tiltak av Lions Club

Eit ljospunkt for mange som sat i ferjekø på Hellesylt 2. påskedag var utan tvil tiltaket som Lions Club, Hellesylt sette i verk. Trass i at straumen var borte, rigga dei seg til på Samfunnshuset der dei seide pølser og buljong til ventande og frosne påsketuristar. Dessutan vart toaletta på samfunnshuset også opna for dei reisande, og Lions fekk mange lovord for tiltaket.

Denne artikkelen stod på trykk i Sunnylvingen nr 8, 16. april 1982.

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info