Veslefrikkprisen 2017 blir delt ut

Elevane i 3. og 4. klasse ved Sunnylven skule kom til finalen i musikktevlinga Veslefrikk 2017.

I dag 21. april blir Veslefrikkprisen 2017 delt ut i Oslo. Vinnarkomposisjonen blir framført saman med Kringkastingsorkesteret i Store Studio kl. 13.00.

Elevar frå Sunnylven skule deltok i musikkonkurransen Veslefrikk også i år. Både 3. og 4. klasse, 5. klasse, og elevar frå 6. og 7. klasse ved skulen sendte inn sine bidrag i lag med 1912 elevar frå heile Norge.

Elevane frå 3. og 4. klasse ved Sunnylven skule kom til finalen saman med Ekeberg skole, Tertnes skole, Bytårnet skole, Hedemarken friskole, og Gullhaug skole. Eit flott bidrag av 12 elevar, hjelpt av kulturskulelærar Marianne Hafsaas. Den sjuande finalisten, som er vinnaren av Veslefrikkprisen 2017 blir offentleggjort på prisvinnarsamlinga i NRK Store Studio i dag fredag 21. april .

Statssekretær Magnus Thue delte ut prisen etter at ein jury av komponistar, musikarar og pedagogar tidlegare har kåra det beste innsendte bidraget i år.

Føl med frå prisutdelinga på lenka under frå kl. 13.00. http://www.musikkfaget.no

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380