Bilrally på Hellesylt
Torsdag gjekk Sunnylven Mini Rally av stabelen med høg motordur, krasjing og eit engasjert publikum til stades. I alt 27 nye bilmodellar, produsert på Hellesylt deltok.
Spaninga var å ta og føle på då løpskommentator Egil Dolmen annonserte start i årets Sunnylven Mini Rally torsdag morgon. På start var 27 deltakarar med sine nyproduserte og blankpolerte ralleybilar. Og på den lange flata i gymmsalen skulle det avgjerast kven av bilkonstruktørane i 8. 9. og 10 klasse som hadde den beste og raskaste bilen.
Deltakarane vart delt inn i heat og dei to beste gjekk til semifinale. Ikkje alle kom så langt at dei kryssa mållinja, dei tok ofte ei anna retning enn bileigaren håpa på. Andrea og Jakob F. sine bilar kom til finalen, og Even vann trøstefinalen og kom seg også til hovudfinalen.
Motortrøbbel i finalen
Første finaleforsøk gjekk i veggane for alle tre deltakarane. Dermed måtte det omstart og ny finalerunde til. Jakob F. med sin raude Lada, som han hadde kalla Stalin fekk motortrøbbel i finalen etter krasjet i løpet før. Men etter tur i depotet var Ladaen klar for start. Det gjekk ikkje bra, det vart stans like etter start. Even sin svarte Snutebil gjekk fantastisk og susa rett inn til siger, med Andrea på andre plass. Alle tre fekk medaljar i premie, utdelt av dei to løpsdommarane Roar Seljeset og Magnar Tufte Tyssen.
Kåra kulaste bil
Alle bilane var utstilte på skulen dagen før der elevane kunne stemme på den bilen dei lika best. Under premieringa fekk eigarane av dei tre kulaste bilane diplom og medalje. Det vart delt fyrste plass mellom Hanna og Sara med Matti sin radiobil på tredje plass.
Dei unge bildesignarar ved Sunnylven skule hadde jobba mykje og lenge med bilane sine. Mellom bilane på start fann vi både varebilar, combi kupe og sedan-modellar. Fargevalet var også varierande og med fleire spesielle, «smakfulle» detaljar. I staden for croom var det brukt Non stopp på både skjermar og panser.
Alle el-bilar
Lærar Roar Seljeset fortalde om bygginga av køyretøya som dei hadde brukt mykje tid på. Fyrst teikna elevane bilen frå alle sider og vinklar før delane vart klipt ut i papp. Det var malar for den endelege konstruksjonen som var i plast, fått frå Formvac AS. Plastdelane vart så varma og bretta og lima i hop. Deretter var det montering av hjul, motor og lodding av leidningar. Drivstoffet på tanken var batteri, sa vinnaren Even på spørsmål frå lærar Egil Dolmen og som var ein svært dyktig løpskommentator.
Sunnylven Mini Rally var ein suksess, ei triveleg samling og eit populært arrangement for resten av elevane ved Sunnylven skule. No er det over, men mange gledar seg alt til neste gong.