Lokalnytt

Blir langrennstrenar for England

Hans Kristian Stadheim har fått jobben med å skaffe fotballøya meisterskapsmedaljer også i langrenn.

Hans Kristian Stadheim har takka ja til jobben som langrennstrenar for England. –Ein spanande jobb som eg gler meg til, seier sunnylvingen som nyleg gjekk ut frå NIH med avlagt doktorgrad.

I ei pressemelding frå det Britiske skiforbundet står mellom anna:

«Hans Kristian Stadheim blir hovedtrener for det Britiske Allroundlandslaget sesongen 2017-2018. Stadheim har hatt særdeles stor suksess som trener i Norge hvor han har vært trener inneværende sesong for Team LeasePlan Tigers, Lyn ski som er dobbelt norgesmester i langrennsstafett, tre utøvere som i dag finnes på det norske landslaget og vært trener for Simen H. Krüger fra han var 14 år til han ble u-23 verdensmester. Stadheim seier han gleder seg stort til å ta fatt på jobben som hovedtrener for «allround delen» av det britiske landslaget inn mot OL sesongen i 2018.»

Dei norske landslagsløparane, Simen H. Kruger, Hans Christer og Daniel Stock har alle vore på treningsamlingar på Hellesylt.

Ingen skulle tru at fotballøya England satsar på langrenn, men det er eit faktum. Og om ikkje det var overraskinga, landet har også gode langrennsløparar. Vi huskar Andrew Musgrave (1990) frå VM i Lathie der han kjempa seg inn til fjerde plass på 5-mila, skolengda føre meir meriterte Martin Johnsrud Sundby. Og kva med Andrew Young, (1992) sprinteren som debuterte i verdenscupen i Toblach 2015 med å bli nummer 3.

I OL-sesongen 2017 / 2018 blir Hans Kristian Stadheim trenar for desse og andre lovande langrennsløparar frå fotballøya. All trening vil ha utgangspunkt i Norge då løparane bur her i landet, og dei fyrste samlingane med planlegging er alt gjennomført, fortel Stadheim.

Hans Kristian Stadheim vaks opp med fotball og langrenn i Sunnylven IL. I vaksen alder flytta han til Oslo og i tillegg til studiar, der han nyleg har fullført doktoravhandling ved NIH, vart han langrennstrenar i Lyn ski, ein klubb som blomstra opp både med landslagsløparar og NM-medaljer. Sist vinter var han hovudtrenar i Thomas Alsgaard sitt langløpslag Team LeasePlan.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380