Bondehæren marsjerte i Oslo

Mellom 3-4000 bønder sette sitt preg på hovudstaden tysdag. Der var både Peder Hellebostad og Kurt Erik Sundgot t.h., begge i grøne t-skjorter. (Foto: Privat)

Rundt 3500 bønder frå heile landet var møtt fram i Oslo for å demonstrere sin missnøye med tilbode frå Staten i årets jordbruksoppgjør.

Appellen frå landbruk –og matminister Jon Georg Dale (Frp) gjorde ikkje inntrykk på bøndene som møtte mannsterke opp i Oslo 23. mai. Bondehæren gjekk frå Bøndernes hus til Stortinget i samla flokk og med slagord som, «vi lager maten din», «regjeringen har det meste i kjeften, gapet øker», og «Norge treng bonden»..

Dale bad bøndene vise moderasjon i lønskrava slik andre yrkesgrupper har gjort, men han tala for døve øyre. Dei viste fram sine raude kort som markerte avstand på landbruksministeren sin politikk.

-No er vi spent på kva Stortinget kjem til å gjøre. Spent på om vi faktisk har politikarar som står for det dei har sagt og nyttar seg av handlingsrommet som dei har, sa den unge bonden Tone Rubach frå Troms i sin appell framfor Stortinget.

Rubach sikta til at Stortinget rett før starten på jordbruksforhandlingene, vedtok det ei jordbruksmelding med eit inntektsmål som slår fast at inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper skal reduserast. I motsetning til regjeringa vil bondeorganisasjonane helst snakke om kroner og ikkje prosent når inntektsutviklinga i landbruket skal fastleggjast.

Også Sunnylven Bondelag var representert mellom dei mange bøndene i Oslo tysdag. I hovudstaden var leiar i bondelaget Peder Hellebostad og Kurt Erik Sundgot, og frå Stranda bondelag fylkesstyremedlem Gunnhild Overvoll. Elles var der mange frå nabokommunane, totalt rundt 50 frå Møre og Romsdal.

-Det var ei fredleg markering frå 3-4000 bønder og mellom fleire stortingsmenn som gjekk rundt og snakka jordbrukspolitikk. Om demonstrasjonen resulterer i auka påslag er sjølvsagt ikkje råd å vite, det blir opp til Stortinget å avgjere, seier Hellebostad.

Tingmenn frå Sunnylven. På andre dag i Oslo var Peder Hellebostad t.v. og Kurt Erik Sundgot innom Stortinget for å prate «jordbrukssak» med representantar. Dei fekk møte mellom anna Jenny Klinge og Marit Arnstad (øverste bilde), begge frå Senterpartiet. (Foto: K.K. Langeland)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380