Damekamp på Hellesylt stadion
Torsdag 4. mai spelar samarbeidslaget Stranda/Sunnylven kamp på Hellesylt stadion. Motstandar er Hødd Rekrutt.
Kampen i morgon torsdag er ein av tre på Hellesylt stadion for damelaget denne sesongen, resten av heimekampane til Stranda/Sunnylven som i år spelar i 4. divisjon 9-er går på Stranda stadion. Tre spelarar frå Sunnylven er på laget som møter Hødd Rekrutt, eit gjestelag som vann stort over FK Sykkylven i fyrste runde, og slo Valder 5-1 i runde to. Stranda/Sunnylven tapte 2-4 mot Valder i fyrste kamp.
Men det var då, i morgon er det ny kamp om poeng. Møt fram på Hellesylt stadion og støtt heimelaget torsdag 4. mai kl. 19.00.