Damelaget tapte på heimebane

Stranda/Sunnylven (blått og rødt) hadde sjansen til skåring i fyrste omgang, men lukkast ikkje.

Bergsøy stakk av med alle poenga etter at dei vann 2-0 over Stranda/Sunnylven på Hellesylt stadion torsdag.

Hellesylt stadion.

4. divisjon damer.

Stranda/Sunnylven – Bergsøy 0-2 (0-0)

Damelaget til Stranda/Sunnylven spelar i 4. divisjon, og etter fire serierundar står laget fortsatt utan siger. Heller ikkje mot Bergsøy på Hellesylt stadion kom sigeren sjølv om laget hadde det meste av spelet dei fyrste 45 av kampen. Ein sjansefattig omgang, men ved eit par høve burde heimelaget skåra med betre innstilt sikte. Det stod 0-0 ved pause.

Andre omgang starta med Bergsøy-press i medvinden og etter litt forsvarskluss sat ballen i nota bak Lillian Aasheim i det 58. minutt. Deretter skjedde det lite ut over i kampen, heilt til domar Mevludin Ribic, VRF bles for straffespark til Stranda/Sunnylven etter 84. minutt. Men heller ikkje det skotet gjekk på rett sida av målstolpen. I staden auka gjestane leiinga fire minutt seinare til siger 2-0 etter retur på frispark.

Stranda/Sunnylven står med 1. poeng og 5-13 i målprotokollen så langt etter fire serierundar.

Lillian Aasheim spela ein god kamp i mål for heimelaget, men måtte hente to ballar frå nettmaskene.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380