Elevar har rydda Bergeplassen

På Bergeplassen har elevar frå mellomsteget rydda skog og kratt og gjort det som var kulturjorda på staden synleg igjen. (Foto: Sunnylven skule)

Elevar ved Sunnylven skule har fullført rydding av Bergeplassen, ein gamal buplass før ein kjem til Åseneset.

I vår har 5. til 7. klasse ved Sunnylven skule hatt utetimar i samband med eit prosjekt dei kalla «Frå Shell til Kurlå». I området som ligg i bergsida mot garden Åsen og som elevane kan sjå frå klasseromma på skulen, har dei lært om stadnamna og utbedra råsa på visse stader. Det dei har jobba mest med er rydding av skog og kratt på området og dei gamle tuftene som blir kalla Bergeplassen.

Lærar Arne Ringdal såg i fjor haust at det kunne søkjast om tilskot til rydding av gamle kulturminne. –Vi melde oss på, seier han, og elevane var ikkje vanskelege å få med på prosjektet. Då Storfjordens Venner starta restaureringa av huset på Kurlå var elevar frå Sunnylven skule med og rydda skog på plassen kring huset der. Då vart også deltakinga nytta i undervisninga, både i matematikk, teikning og naturfaglære.

Å gjere meir ut av Bergeplassprosjektet enn skogrydding er ikkje planlagt til no. -Staden er rydda for skog og alle stubbar er påsmurt eit veksthemmande stoff. I fyrste omgang er vi ferdig så no får vi sende inn rapporten og søkje om å få ut tilskotet, seier lærar Arne Ringdal.

Nokre husmurar er framleis synlege på Bergeplassen i dag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380