Lokalnytt

Fleire små i Sunnylven Barnehage

For få dagar sidan venta Kai Adam t.v. og Fredrik på at egga skulle bli kyllingar. No er ventetida over.

I Sunnylven Barnehage har dei fått seks kyllingar. Inntil vidare lever dei sitt sorgfrie liv under ei varm «hønemor» i ei stor pappkasse.

For litt sidan fekk Sunnylven Barnehage låne ei lita rugekasse og ni høneegg. 21 dagar seinare kom det fyrst fram to kyllingar og dagen etter fire til. Dei tre andre egga gav ikkje resultat.

No trippar det seks dunkledde skapningar rundt i ei stor pappkasse på einingsleiaren sitt kontor i barnehagen. Der har dei rikeleg med mat og vatn og ei varm «hønemor» som dei kosar seg under. Kvikke er dei og matlysta er god.

-Det var Ann Kristin Wollsæter som lånte oss rugekasse og egg, ikkje for å starte fjørfeoppdrett i barnehagen, men for å vise borna korleis levande skapningar kan bli til. På slutten av dei tre vekene som ruginga varte var vi spente på om resultatet vart vellukka. Og det var det, og det var både moro og lærerikt. Om litt skal alle seks kyllingane over i eit gamalt akvarium som vi har lånt og då skal dei flyttast ned i avdelingane våre slik at alle får sjå og beundre våre nye små, seier einingsleiar Hilde Langlo Brekke.

Etter kvart skal Ann Kristin Wollsæter få tilbake både rugekassa og dei seks kyllingane, seier Hilde. Om det er høner eller hanar dei sender frå seg er ukjent enno.

Sunnylven Barnehage har seks kyllingar å passe på. Dei får nok den beste omsorg og matlysta var god.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380