For 35 år sidan : Sunnylvingen 14 mai 1982

Sunnylvingen 14. mai 1982.
I Sunnylvingen frå fredag 14. mai 1982 kunne ein mellom anna lese om Sunnylven sanitetslag som feira 70-årsjubileum, Sunnylven vart premiert i Holmenkollstafetten. Ein turist ramla i Hellesyltfossen og Sunnylven bondelag arrangerte skogdag på Frøysa. Det gamle foto er frå 17-mai feiringa i 1925.
Eg har plukka ut artikkelen om jentelaget som spela sin aller fyrste obligatoriske kamp. Om ein har lyst å lese resten av avisa finn du den som pdf her.
Siger og tap for jentelaget

Jentelaget, som har starta serien så fint. Bak frå v.: Line Høgalmen, trenaren Oddhild Gjørvad, Wenche Høgalmen, Mariann Sundgot (som scora eit historisk mål), Marianne Gjørvad, Anne Elisabeth Ringdal, Trine Tryggestad, Lene Ringdal, Kristin Hole. Framme frå v.: Marianne Hole, Janne Hanssen, Norunn Brekke, Ann Kristin Sundgot og Linda Tryggestad.
Sunnylven – Volda 1-0 ( 0-0)
Sunnylven sitt jentelag spela sin første seriekamp for jenter her i bygda mot Volda. Og til sist vart det ein svært fortent 1-0 siger til heimelaget. Sunnylvsjentene låg nemleg klårt over i spel stort sett gjennom heile -kampen. Det eine angrepet avløyste det andre. Men det skorta på avslutningane, og ein god Volda- keeper hadde ikkje for store vanskar.
Det var og eit merkeleg mål Sunnylven fekk. Mariann Sundgot utnytta ei tabbe ved eit utspel og kunne roleg setje ballen i mål, eit stykke ut i andre omgang. Og spør om det då var jubel mellom jentene. Sunnylven leverte fin innsats.
Forsvaret var patent og spelet gleid bra framover til 16-meteren, men som sagt stod ikkje avslutningane i stil med spelet.
Stranda – Sunnylven 2-0 (0-0)
I den andre seriekampen, mot Stranda på bortebane vart det tap 2-0. Det verka som om sunnylvingane hadde litt stor respekt for motstandarane etter å ha tapt to treningskampar mot dei, seier rapportane. Sunnylven hang godt med til pause og hadde sine tilbod, men Stranda vann ein fortent siger.