Lokalnytt

Fyrste cruisebåt til Hellesylt kai

Mein Schiff 4 var fyrste cruisebåt på Hellesylt i år og ruva godt ved kai.

Tysdag 23. mai la Mein Schiff 4 til ved Hellesylt kai som årets fyrste cruisebåt.

Alt gjekk som det skulle då 293 meter lange Mein Schiff 4 klappa til ved Hellesylt kai tysdag kveld. -På Hellesylt kai har vi same personar som i fjor så vi har eit drilla mannskap i å fortøye båtane, seier driftssjef i Stranda Hamnevesen KF, Inge Hole. Mein Schiff 4 kom frå Geiranger for å ta ombord passasjerar som hadde hatt dagstur til Briksdalen i Nordfjord,.

Båten var den fyrste av 117 anløp på Hellesylt i år. I Geiranger har fleire båtar vore innom alt, og tre av dei skulle også anløpe Hellesylt. På grunn av at vegen over fjellet i Geiranger har vore og er vinterstengd enno, har alle båtane så langt gått direkte til Geiranger, fortel Inge Hole.

MSC Preziosa er neste cruisebåt til Hellesylt, ein av dei største med sine 333.33 meter og 4345 passasjerar om bord. Båten skal etter anløpslista legge til ved Hellesylt kai fredag 26. mai kl.08.00. Inge Hole seier at om vegen over Geirangerfjellet ikkje er opna går båten direkte til Geiranger.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380