Fyrste turnering for året for G-08 og J-08
Både G-08 og J-08 hadde si fyrste turnering for sesongen søndag 14. mai. Dette gjekk føre seg på Ikornes Idrettspark. Gutane fekk ein siger mot Ravn og tap mot Spjelkavik og Stranda.
Jentene fekk tre tap denne gongen. Dei spela også mot Ravn, Spjelkavik og Stranda.
Allereie om to veker får begge desse laga nye sjansar. Då skal dei delta på Hundeidvik fotballfestival. Denne går av stabelen laurdag 27. mai.