Lokalnytt

Konsesjon til tre kraftverk og kraftlinje

Frå synfaring i Haugedalen 23. juni i fjor med representantar frå NVE, fallrettseigarar, søkjar/utbyggar og Stranda kommune til stades.

Norges vassdrag og energidirektorat har gjeve konsesjon til bygging av tre kraftverk i Sunnylven. Også ny kraftlinje mellom Tomasgard og Litlebø fekk konsesjon.

NVE har har gjeve konsesjon til bygging av Langedalselva kraftverk, Hauge kraftverk og Røyrhus kraftverk i Sunnylven. Søknaden om bygging av Storfossen minikraftverk i Geiranger vart ikkje imøtekome.

Representantar frå NVE var på synfaring i Sunnylven og Geiranger i midten av juni i fjor saman med fallrettseigarar og utbyggar. Under høyringsfristen kom det inn uttale både for og imot utbygging. Etter litt forsenka saksgang har NVE no gjort sine vedtak.

Dei tre kraftverka som har fått konsesjon for utbygging med visse atterhald, rettar og plikter, vil få ein årsproduksjon på rundt 40 GWh ny energi, eller nok til 2000 husstandar.

Tre kraftverk

Langedalselva kraftverk er planlagt å nytte eit fall på 53.0 meter frå Langeland til kraftstasjon på Nybø. Det vil gje ein produksjon på 20.40 GWh. Minstevassføring 2400/ 500 l/sek. sommar/vinter. Søkjar er Stranda Energi AS.

Hauge kraftverk vil få eit fall på 535.0 meter frå inntak i Haugedalen til kraftstasjon på Storstein. Rørgata blir 1850 meter lang og skal gå delevis i tunnel og elles gravast ned. Produksjonen er berekna til vel 13.0 GWh, litt redusert ut frå søknad då overføring av vatn frå ein bekk ikkje vart godkjent. Også minstevassføringa 200 / 30 l/sek. sommar / vinter vart auka noko. Søkjar er Stranda energiverk AS.

Røyrhus kraftverk får eit fall på 62.0 meter og produksjon 6.95 GWh. Minstevassføring er 500 / 150 l/sek. sommar / vinter. Søkjar og utbyggjar er Røyrhus kraftverk AS (SUS).

For alle tre kraftverka gjeld at konsesjonen fell vekk etter fem år om ikkje anleggsarbeidet er starta.

Ny kraftlinje

NVE har også gjeve SFE Nett AS anleggskonsesjon og oreigningsløyve til å bygge og drive ei ny 66 (132) Kv-luftleidning mellom Tomasgård i Hornindal og Litlebø i Sunnylven, Stranda kommune. Ei føresetnad for løyvet er at det blir bygt ut 8.4 MW ny kraftproduksjon, dvs. om lag 30 -35 GWh.

Frå før har Sunnylven fire kraftverk som er i produksjon. Med tre nye i drift vil Sunnylven ha ein kraftproduksjon på rundt 110 GWh.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380