Generalforsamling i Peer Gynt Galleriet AS
Det blir halde ordinær generalforsamling i Peer Gynt Galleriet AS 15 juni. Innkalling blir sendt til aksjonærane i løpet av få dagar.
Styreformann Dag Stadheim håper aksjonærane set av kvelden torsdag 15. juni og møter fram på generalforsamling på Peer Gynt Galleriet, Hellesylt. På saklista står styrets årsberetning for 2016, årsrekneskap, val, og utviding av aksjekapitalen.
Alle styremedlemmene står på val i år så Stadheim håper på innspel på eventuelt nye styremedlemmer. Noverande styre består av styreleiar Dag Stadheim, Lena Parr, Jan S. Storstein og Arild Ringdal.
Styret ønskjer også å utvide aksjekapitalen med hundre tusen eller meir. Dette er eige punkt på saklista. Elles blir det orientering til aksjonærane om kva som skjer i 2017, og om vidare framdriftsplanane.
Generalforsamlinga blir i Peer Gynt Galleriet, Hellesylt torsdag 15. juni kl. 19.00.
Det er teke mot bestillingar frå fleire grupper, både frå cruisebåtar og bussturistar som ønskjer omvising i Peer Gynt Galleriet i løpet av sommaren. Ved desse innstega er det ordna med vertar, personar til å ta mot for omvising og for enkel servering, opplyser Dag Stadheim.
Vidare blir det ope hus under Hellesyltdagane 7. til 9. juli med servering av den faste gratisfrukosten og salsutstilling av produkt frå Made in Fjords.