Hellesylt Hydrogen blir skipa

Deltakarar frå Hellesylt Hydrogen Hub på Hannovermessa, frå høgre Norvald Røyset, Karimor Marine AS, Einar Haram, Sunnmøre regionråd, Inge Bjørdal, næringssjef i Stranda kommune.

Overskotsenergi frå kraftverk i Sunnylven kan bli ny industri på Hellesylt. Om kort tid vil selskapet Hellesylt Hydrogen AS bli skipa.

I Sunnylven blir det produsert meir energi frå småkraftverk enn som blir nytta. Og området kan få enno meir kraftproduksjon om Norges vassdrags og energidirektorat gjev konsesjon til søknader frå tre nye kraftverk.

All denne vasskraftenergien fekk næringssjef i Stranda kommune, Inge Bjørdal til å tenkje i nye baner, til dømes at energien kunne vidareutviklast til produksjon av hydrogen. Ved elektrolyse av vatn skjer ei spalting som gjev hydrogen, forklara Bjørdal i ein reportasje i Sunnmørsposten i vinter.

Deltakarar

Tanken vart realiset gjennom eit KLIMASATS-prosjekt der i alt 15 selskap og bedrifter har vore med.

Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv, Bellona AS, Sunnmøre regionråd, Stranda hamnevesen KF, Karinor Marine AS, Hexagon Raufoss AS, Hexagon Composites AS, Stranda Energi AS, Ringdal kraftverk AS, Litlebø kraftverk, Møre og Romsdal fylkeskommune, Småkraftforeininga, Stranda kommune næringsavdelinga, Norsk hydrogenforum, Tafjord Kraftproduksjon AS.

Skipar selskap

På siste styremøte vart det vedteke å skipe eit aksjeselskap. –Vi tenkjer at skiping av eit AS vil fremje investeringar og framdrift og at det vil vise at vi ikkje berre skal gjennomføre eit utviklingsprosjekt, men at vi ønskjer å realisere ideen, seier Inge Bjørdal.

Tanken er at alle som har vore med i prosjektet kan teikne seg som aksjonærar, og mange har alt meldt seg. I tillegg vil det bli drøfta om relevante bedrifter frå Hellesylt og Geiranger skal inviterast til å delta. Kvar aksje blir truleg sett til kr. 1.000.-

Knytte kontaktar på messe

Nyleg var næringssjefen og to andre til stades på Hannovermessa i Tyskland (stor industrimesse) der det var eigen seksjon for hydrogen. Hellesylt Hydrogen vart presentert som del av ei utspørjing om kva status hydrogensatsing har i Noreg, og det vart innleia drøftingar med leverandørar av elektrolyseutstyr. Desse vil om kort tid kome med sine tilbod.

Reint og godt konsept

Fiskarstrand verft er i ferd med å bygge testferje for hydrogen. Det nye selskapet Hellesylt Hydrogen AS håper at dei kan få denne ferja i drift i sambandet Hellesylt – Geiranger som eit fyrste pilotprosjekt. Grunna stor trafikk i sommarhalvåret har målingar vist dårleg luftkvalitet i Geiragerfjorden. Overgang til nullutsleppsteknologi er difor også sentralt for dette prosjektet.

-Vi ser det slik at Hellesylt Hydrogen er eit godt konsept. Her snakkar vi om 100 % fornybar energi, eller såkalla grøn hydrogen. Hydrogen kan nemleg også produserast på andre råstoff, til dømes olje eller gass. Men då er det ikkje grøn energi lenger.  Også marknadsføringseffekten gjennom verdsarvstatusen til Geirangerfjorden vil vere god.

Men utfordringane er framleis fleire, mellom anna pengar til elektrolyseutstyr. Her forventar ein at ENOVA kjem med eit regelverk for støtte til hydrogensatsing på lik line med det som er gjort for laddestasjonar for el-bilar, seier Bjørdal.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380