Jentebølgje på Hellesylt 10. mai

Her er nokre av deltakarane på jentebølgja i fjor.

Onsdag 10. mai arrangerar trimgruppa og Sunnylven sanitetslag jentebølgje på Hellesylt. Dette er ein trimtur på ca. 5 kilometer som startar i sentrum, går opp til Stadheim og tilbake. Det vert servert forfriskningar ved målgang. Avgang frå sentrum er klokka 17.00

Arrangørane kjem med følgande oppfordring: Ta med deg mor, venninne, dotter eller tante til ein ettermiddagstur i eige tempo.

Som ein ser på oversiktsbilde i artikkelen var det dårleg ver i fjor, men i år «lovar» yr.no at det skal bli 7-8 grader og ingen nedbør.

Tidlegare på dagen frå klokka 14 til 16 vert det sal av maiblomar, kaffi og vafler i sentrum.

 

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info