LokalnyttLokalsport

Magnor-prisen til Kristine Hjellbakk Hole

Vinnarar av Magnor-prisen og blomster på skitinget, frå venstre Kristine Hjellbakk Hole, Andreas Skoglund og Karsten A. Vestad. (Foto: Linn Kammen)

På skitinget til Møre og Romsdal skikrets vart Kristine Hjellbakk Hole tildelt Magnor-prisen, ein av dei høge utmerkingane til unge talent.

Kristine Hjellbakk Hole har vunne mange langrenn og henta heim fleire premiar. No er årets skisesong over, men laurdag kunne langrennstalentet frå Sunnylven IL motta nok ein pris. NSF´s krystallvase, eller Magnor pokalen blir delt ut på skiting til beste gut og jente i alder 15 og 16 år. Kristine vart vinnaren mellom jentene medan det vart delt ut prisar til to gutar, langrennsløparen Andreas Skoglund frå MOI og kombinertløparen Karsten A. Vestad, MOI. Overrekkinga til dei tre fann stad under tingsamlinga på Molde med meir enn hundre utsendingar til stades.

I grunngjevinga frå skikretsen står;

Skikretsen v/ Styret deler under Skikrets-Tinget ut Skikretsens «Bestemannspremie» for sesongen 2017.

Denne kåringen/ utdelingen har lang tradisjon i Norge, og kriteriene er at hver skikrets i landet premierer sin beste jente og gutt i alderen 15-16 år – uansett skigren. Skikretsene har mulighet til å dele ut flere premier om de ønsker det.

Alle grenkomiteene i skikretsen har innstilt utøvere til prisen. Styret har behandlet dette, og ønsker i år å dele ut premien til:

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL

Andreas Skoglund, Molde og Omegn IF

Karsten A. Vestad, Molde og Omegn IF

M&R Skikrets Gratulerer med en flott skisesong, og ikke minst med imponerende resultater under årets Hovedlandsrenn!

Nestleiar

Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL vart attvald til hovedstyret i Møre og Romsdal skikrets, i komande periode som nestleiar. Styreleiar er Astrid Eide Stavseng, Liabygda IL.

I tillegg til Kristine Hjellbakk Hole var Sunnylven IL representert på skitinget med Anniken Hjellbakk Hole, Linn Kammen og Hans Hole.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380