Lokalnytt

Mot eigarskifte av Hægstad Gård

Hellesyltfirmaet Heltre As kjøper Hægstad Gård av Flo Eigedom As, Stryn for 3.1 mill. Stranda kommune støttar kjøpet med eit rentefritt lån på 600.000.-

Det går mot eigarskifte av Hægstad Gård på Hellesylt. Heltre As blir ny eigar med støtte frå Stranda kommune. Eit samrøystes formannskap gjekk på møtet 22. mai inn for å yte eit rentefritt lån på 600.000.- til finansieringa av kjøpet.

Overdraging av Hægstad Gård til Heltre As kan vere redninga for vidare drift for Peer Gynt galleriet AS som har kome i økonomiske vanskar. Framforhandla avtalar med det nye eigarselskapet og andre vil føre til lavare utgifter og sikre driftskapital for selskapet som driv kunstgalleriet med dei unike Peer Gynt-relieffa etter kunstnaren Oddvin Parr.

Ordførar Jan Ove Tryggestad er glad for at kommunen kan vere med å hjelpe kunstsenteret på Hellesylt over den økonomiske kneika. Han opplyser at lånet på 600.000.- er gjeve på to år. Etter den tid vil støtta bli vurdert, om lånet skal gjerast om til eigarpost eller innfriast. Ordførar Tryggestad håper at Peer Gynt galleriet får orden på økonomien igjen, at drifta av kunst og servisesenteret blir friskmeldt og går i pluss.

Tilrådinga om lån til Peer Gynt galleriet As kjem opp til endeleg vedtak i kommunestyret 8. juni.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380