Mykje snø i Holedalen
I Holedalen er der framleis mykje snø. På sætra er nok snødjupna nær meteren 1. mai.
Det har gått store snøras i Holedalen også denne vinteren. Fram til ferista på vegen, om lag midt i dalen er vegen køyrande med bil, men så er det stopp. Like framom har det gått ei kjempefonn, truleg 30 – 40 meter brei og 5-6 meter høg. Eit sjeldan stort ras her 432 meter o.h. Det må god tøyr til om denne skal smelte vekk på naturleg måte før juli.
Langt mindre var Storgjelfonna i år. Denne har vi sett mektigare, men i år hadde den knappast gått i elva. Her framme veks også snømengda merkbart, frå ein liten halv meter til nær det dobbelte. Og når vi kjem opp Tverrbakkane til dyrkningsfeltet i 700 m.o.h. er der nok meteren og meir.
Det er framleis godt skiføre her, og det vil det vere lenge enno. Vi gjekk på beina i fjellsko etter gamle, frosne skispor. Også det ein fin tur i strålande 1. mai-sol.