LokalnyttLokalsport

Ny løyperekord i Konradløpet

På fyrste og andre plass i Konradløpet, Kristine Hjellbakk Hole til høgre, og Hege Ringdal. (Foto: Hans Hole)

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL vann dameklassa i Konradløpet i Velledalen i dag. På andre plass kom Hege Ringdal, Sunnylven IL

Det vart ny løyperekord i dameklassa i Konradløpet 1. mai. Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL kom i mål på 16.59 og slo sin gamle rekord med 44 sekund. På andre plass kom klubbveninna Hege Ringdal ,18.10.

Konradløpet med Velledalen IL som arrangør er til minne om Konrad Brunstad som starta med løping som 80-åring. Han var tidleg ute om morgonen på sine trimturar og difor går starten på løpet presis klokka 05.00 kvart år.

Mellom deltakarane i løpet er også mange born og eldre som anten går eller joggar i sitt eige tempo. I år deltok rundt 300, men deltakarrekorden er på over 500.

Jan Ketil Vinnes   15.26
2 Martin Hauge-Nilsen   15.45
3 Espen Strøm Grebstad   16.05
4 Per Inge Bjørnestad 16.24
5 Jakob Indrebø Halvorsen 16.43
6 Bjørn Arve Brune 16.47
7 Kristine Hjellbakk Hole 16.59 (ny damerekord)
8 Arnas Tribusininas 17.21 (ny pers)
9 Jesper Svensli 17.36
10 Edvard Sve 18.03
11 Nils Petter Sve 18.06
12 Hege Ringdal 18.10 (nest beste kvinne)
13 Kjetil Fallingen 18.21
14 Pernille Ibsen Lervåg 18.23
15 Ole-Martin Korsnes 18.35
16 Fridtjof Fredriksen 18.36
17 Hilde Riksheim Tandstad 18.52
18 Niek Schreijer 18.55
19 Jørgen Flåskjer 18.56
20 Gry Bakke Payling 18.59
21 Anna Elise Ullavik Sylte 19.01
22 Svein Arne Nakken 19.04
23 Vetle Fet Sortevik 19.04
Kristine Hjellbakk Hole
Hege Ringdal

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380