Lokalnytt

Ny sesong med El-sykkelutleige på Hellesylt

Knut Hole har utleige av El-syklane hos Coop Marked i år. Michelle og Mariann hjelper og syter for at syklane er klare til bruk.

Knut O.K. Hole får ikkje tilskot til å finansiere Hellesylt El-sykkelutleige. Han er for gammal, blir han seg fortalt, men satsar likevel.

Knut O.K. Hole runda 80 år nyleg, men satsar frisk og er full av spreke idear. Det er viktig å skape tilbod om vi vil ha turistar til bygda, seier han. Han kunne tenkt seg å få litt meir hjelp og rettleiing i satsinga, men det har vore vanskeleg.

Alder gav avslag

Til no har han planlagt det meste sjølv. Litt hjelp har det blitt frå næringssjefen med utfylling av søknad om tilskot frå det kommunale næringsfondet, men støtte frå Innovasjon Norge var avslag. Eg er for gammal, men skatt får eg lov å betale, skjemtar Knut Hole, men med også eit alvor bak.

I 2015 starta Knut Hole Hellesylt El-sykkelutleige med fem syklar og i fjor utvida han sykkelparken med sju syklar til. I tillegg rår han over to sykkelvogner til transport av små born, og han låner ut hjelmar og fiskeutstyr, ei totalinvestering på rundt 300.000.-

Flytta til Coop Marked

I to sesongar har han lagra syklar og utstyr i den gamle brannstasjonen på Hellesylt, men i år er alt flytta til Coop Marknad i sentrum der det er tilgang til toalett, garderobe og vaskemoglegheiter.

-Det er ein fordel for utleige at det ved daglegvarebutikken er lange opningstider, også på søndagar. Folk bør ringe på førehand å tinge sykkel, til Coop Marknad på mob. 979 95 265 eller e-post; knut-hole@hotmail.com, mob. 984 68 767.

Laddestasjon for El-bilar

Butikksjef ved Coop Marked, Michelle van der Plas vil gjerne hjelpe med å formidle utleige. Det er viktig med tilbod til dei reisande og dette er eitt av dei, seier ho. Ho fortel at også laddestasjonen for El-bilar blir flytta frå brannstasjonen til Coop Marked, og betjeninga ved butikken hjelper også der. Det er plass til ein bil om gongen og ladetida er frå ein til to timar, alt etter kor mykje batteria er nedtappa.

Rosar samarbeid

Fyrste året var utlånet av El-syklar litt labert, fortel Knut Hole, men i fjor tok det seg opp. I år har han gått i samarbeid med Geiranger Fjordservice der han har møtt stor velvilje og hjelpsomheit, og slikt samarbeid har han tru på. Alt no er det kome tingingar på rundt 60 sykkelutleige og det kjem meir, seier han.

-Kan du tenkje deg flottare plass å sykle på enn her, opp gjennom bygda eller gjennom Norangsdalen. Og vel du tur til ein av dei mange sætredalane får du nye flotte opplevingar av natur og dyr.

Dei laddbare El-syklane har ei rekkevidd på mellom 6 – 8 mil mellom kvar ladding avhengig av kor bratt det er og storleik på syklisten. Og om nokon vil sykla lengre turar over fleire dagar får dei med laddar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380