Ønskjer uendra skule i Sunnylven

Det er kort veg frå skulen til Hellesylt stadion og samarbeidet er godt, heiter det i uttalen frå Sunnylven idrottslag.

Sunnylven IL ønsker å halde på 1 til 10 skule i Sunnylven. Det skriv idrettslaget i sin uttale i samband med utgreiingsarbeidet kring skulestrukturen i kommunen.

-Vi i Sunnylven IL er svært glade for at det ser ut som politikarane i Stranda ønskjer å gå inn for å halde på Sunnylven skule som 1 til 10 skule, skriv hovudstyret i Sunnylven IL ved leiar Per Ingebrigt Karbø i uttale om skulestrukturreforma, sendt til Stranda kommune.

Idrettslaget peikar på mange fordelar ungdom og idrettslaget har i lag ved at også elevar i ungdomsskulen får gå ved Sunnylven skule. Mange born er på trening i regi av idrettslaget, spesielt gjeld det i fotball, langrenn og skiskyting. Treningane foregår gjerne like etter at skulen er slutt og ofte med lærarar som trenarar. Det er kort veg frå skulen til Hellesylt stadion og samarbeidet mellom skulen og idrettslaget er avgjerande for idretten i bygda. Dersom elevane må til Stranda blir mykje av dette fine samarbeidet vanskelegare. Det går meir tid vekk i reise, dei kjem seinare heim og det blir mindre tid til fellestreningar. heiter det mellom anna i uttalen.

Håper ingen fell frå

I uttalen blir det peika på at også familiebading har vore eit viktig tilbod ved skulen og eit samarbeid mellom skulen og idrettslaget. No har skulen i Sunnylven behov for oppussing og vedlikehald. Mykje bruk av skulen på kveldstid vil gjere det lettare å forsvare investeringane som no må gjerast, heiter det.

-Vi er få innbyggjarar i Sunnylven, så eit lite fråfall i organisert idrett får store konsekvensar. På ein stor plass betyr det kanskje ikkje så mykje at fotballaget misser nokre spelarar, men i Sunnylven kan det bety at ein ikkje kan stille lag. Dersom ungdomsskuleelevane må pendle til Stranda, er vi redd for at det blir svært vanskeleg å stille fotballag i aldersbestemte klasser over mellomsteget, skriv Sunnylven Idrottslag, underteikna av leiar Per Ingebrigt Karbø.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380