På sykkeltur i folketoget

Sunnylven omsorgssenter fekk i fjor elektriske syklar med plass til to pensjonistar i kvar. På nasjonaldagen var dei i bruk til glede for fire bebuarar.
Både i fjor og i år har det blitt fleire sykkelturar med pensjonistar og betjening som «sjåførar», spesielt på fine dagar. Og 17. mai i år kom dei i bruk i folketoget gjennom Hellesylt sentrum. På dei to syklane sat pensjonistar frå omsorgssenteret og vinka og hadde gode opplevingar slik resten av folketoget hadde i det fine veret. På den eine sykkelen sat pensjonert bonde Ole Karl Vollset og ved sida av den tidlegare dirigenten for Sunnylven skulekorps Anders Langøyli. Vi såg at Anders «levde» med i musikken, nesten så han slo nokre taktslag under vegs. At sykkelturen var vellukka er det liten tvil om, og eit flott tiltak frå dei tilsette ved Sunnylven omsorgssenter.
Det var Sunnylven bygdekvinnelag som gjorde opptakt til innkjøp av elektriske syklar til Sunnylven omsorgssenter. Med støtte frå Sparebanken Møre, Indre Sunnmøre Gjensidige og fleire vart kjøpet ein realitet.