Peer Gynt galleriet As er berga

Eit svært gledeleg vedtak for oss, seier styreleiar Dag Stadheim om formannskapet si innstilling om eit rentefritt lån til finansiering av eigarskifte av Hægstad Gård.
Det er ein svært godt nøgd styreleiar i Peer Gynt galleriet As som er kjent med formannskapet sitt vedtak på møtet 22. mai. Der vart det samrøystes innstilt på at Stranda kommune skal bidra med eit rentefritt lån på 600.000.- til eigarskiftet frå Flo Eigedom As til Heltre As.
Ekstra generalforsamling
Vedtaket i formannskapet utløyste fleire framforhandla avtalar og var den siste brikka som fall på plass for vidare drift av Peer Gynt galleriet, seier Dag Stadheim og held fram;
-Resultatet av det positive vedtaket gjer at det blir innkalla til ekstraordinær generalforsamling i selskapet for å innkalle den driftskapital vi treng. Vi har per i dag ikkje pengar på bok, men vi får fritak i leiga i to år og aksjonærar har lova å dekke inn driftskapital. Vi skal også bygge opp driftskapital ved å kutte kostnader og gå i samarbeid med andre.
Samarbeid med Gålå
Til no har mellom anna leiga vore så stor at ingen var viljuge til å skyte inn meir kapital om ikkje denne vart redusert. Det har vi no fått til og vi får ny, frisk driftskapital til selskapet. Vi skal, i tillegg til å vise fram dei unike Peer Gynt-relieffa skape ei verdsarvutstilling med sal av mellom anna Peer Gynt-produkt frå Gålå og andre særmerka produkt frå området, seier Dag Stadheim.
Fleire tingingar
Og han fortel engasjert om at kontaktar og at reklame har vist seg å gje resultat. I sommar kjem 11 grupper for omvising i kunstsenteret, fem frå cruisebåtar og resten er andre bussturistar og pensjonistgrupper. Den fyrste gruppa stig inn døra 7. juni alt, og fleire kan kome etter kvart. Ei gruppe lokale personar er engasjert for å ta mot og vise rundt i galleriet.
Glad for vedtaket
-Dette er reklamearbeid vi jobba med i fjor, men som fyrst no gjev resultat. Det positive vedtaket til formannskapet i Stranda var den siste brikka som fall på plass, og at vi kan seie ja til alle forespørslar som vil kome. Eg er svært takksam for viljen som kommunen her har vist til å hjelpe i ein vanskeleg økonomisk situasjon, seier styreleiaren.
Ope under Hellesyltdagane
På noverande tidspunkt er det usikkert om Peer Gynt galleriet blir dagleg ope i sommar. Dag Stadheim seier at det blir ope under Hellesyltdagane 7. til 9. juli, at det blir arrangert Quiz i løpet av sommaren og at alle turistgrupper som ønskjer det får omvising. Ut over det er det usikkert kva opningstider det blir.