Program for 17. mai i Sunnylven.
Sunnylven Idrottslag er arrangør av feiringa og med eit tradisjonelt, godt 17. mai-program i Sunnylven.
Naturen i Sunnylven har pynta seg sjølv til feiring av Noreg sin nasjonaldag onsdag. Som vanleg er det Sunnylven Idrottslag som står som ansvarleg arrangør, med tilslutnad frå fleire lag og organisasjonar.
Her er programmet for onsdag 17. mai 2017:
08.00 Vi heiser vårt flagg
09.45 Skuleelevar legg ned krans ved minnetavla til dei falne ved kyrkja.
10.00 Festgudsteneste i Sunnylven kyrkje ved sokneprest Stein B. Karstensen. Sunnylven skulekorps. Joyful.
10.45 Barnetoget går frå kyrkja om Peer Gynt Galleriet, til omsorgssenteret og vidare til skulen.
Oppstilling av toget:
*Flaggborg
*Sunnylven skule
*Sunnylven skulekorp
*Barnehagen
*Lag og organisasjonar
11.30 Sal av mat og drikke på Sunnylven samfunnshus
12.00 Barneleikarringen opptrer ved omsorgssenteret, musikk av Synnøve Hjellbakk Hole
12.30 Leik og konkurransar for born og vaksne
14.30 Samling på Sunnylven samfunnshus
*Sunnylven skulekorps
*Tale for dagen ved elevar frå 10. klasse ved Sunnylven skule
*Dans ved barneleikarringen
*Musikkinnslag
*Allsong
Det blir ikkje sal av mat under programmet