Selskapet Bonseye sjøsette ny ribbåt

Måndag kom den nye ribbåten til selskapet Bonseye på Hellesylt på sjøen.. Om bord i båten i småbåthamna møtte vi frå venstre Ole Hjalmar, Bente og Frank Ole, alle Bonsaksen med å klargjere for opplevingsturar.

Måndag 15. mai sjøsette selskapet Bonseye på Hellesylt sin «grøne» svart og oransje ribbåt. Frå før har selskapet ribben Sunnylvsfjord.

Selskapet Bonseye spelar på mange strengar i turistsamanheng. Eigarane av selskapet driv fjellgarden Øvre Ljøen med fleire dyr, og eit snart ferdig utbygt amfi for konsertar. I fjor kom opplevingsturar på fjorden på den indre delen av Storfjorden, frå Hellesylt til både Geiranger og Stranda. No er kapasiteten på dette tilbodet auka frå tolv plassar til 24 plassar med den nye miljøvenlege ribbåten som vart sjøsett måndag.

Miljøvenleg

Bente Bonsaksen fortel ivrig om den nye investeringa medan Frank Ole og Ole Hjalmar jobbar med å klargjere dei siste detaljane før den fyrste prøveturen med nytt vatn under dei to kjølane. For båten er ein katamaran med hydrofoil, ein miljøvenleg båt som kan halde ei fart på over hundre kilometer i timen om nødvendig.

Namnet hemmeleg

Den fyrste ribbåten til selskapet Bonseye vart døypt Sunnylvsfjord ved Dei Sju systre i fjor vår, og vi prøver oss etter namnet som den nye skal få, men då blir vår heimelskvinne ganske stille. Både namn og ikkje minst personen som skal utføre dåpshandlinga skal vere ei overrasking til dagen kjem, seier Bente. Dåpen blir ein fineversdag på fjorden til sommaren og kanskje med eit lite dåpsselskap på den nyrestaurerte Ljøkaia, legg ho til.

Ribben Sunnylvsfjord har to motorar på 250 hk. kvar. Den nye er utrusta med to motorar på 150 hk. kvar, men går like fort, men brukar berre halvparten så mykje bensin. Båten er berre demonstrasjonskøyrd tidlegare og det ein kan kalle ein «grøn» båt grunna lite drivstoffobruk.

Håper på hotell

Eigarane av dei to ribbåtane har satsa store pengar . –Det at vi ikkje kasta inn «årane» i fjor då eine motoren på Sunnylvsfjord rauk og vi fekk ein dyr reparasjon viser at vi har trua på det vi driv med. No håper vi berre at eit nytt hotell skal kome på Hellesylt og at turistane skal strøyme til bygda. Om også cruiseskipa hadde blitt liggjande lenger ved Hellesylt kai hadde også det vore ein fordel, trur Bente Bonsaksen. Ho fortel at alt no har det blitt fleire opplevingsturar med turistar på fjorden. Det teiknar bra, seier ho før ho stig om bord saman med mann og son og til fyrste prøvetur på Sunnylvsfjorden med den namnlause katamaranen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380