Serverte vafler i pensjonislaget

Anna Bjørdal var med og produserte masse gode vaflar .

Mai-møtet til Sunnylven pensjonistlag vart godt besøkt. Og den «nye» menyen fall i smak saman med eit underhaldande program.

Det vart vaflar på medlemane i Sunnylven pensjonistlag på mai-møtet i år. Tidlegare årssamlingar i vårmånaden har hatt potetball på menyen, men slik vart det ikkje denne gongen.

Dagmøtet på Sunnylven kyrkjelydshus vart som vanleg ei triveleg stund, leia av Astrid Langeland. Utanom god servering var det tombola, og mykje allsong med Rasmus Taraldset og Asbjørn Hetle som forsongarar og Bjarne Sjåstad på piano.

Det vart opplyst at neste samling i Sunnylven pensjonistlag blir på Øvsthaugen 17. juni i tunet til Astrid og John. Denne laurdagen er det grillfest. Ta med stol og masse godt humør, var oppfordringa.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380