Lokalnytt

Starta nasjonaldagen i kyrkja

Andrea og Hanna la ned blomar ved minnesteinen ved kyrkja. Til høgre leiar i festkomiteen Per Ingebrigt Karbø.

Det var tradisjonelt opplegg for markering av nasjonaldagen i Sunnylven. Også veret var med og gjorde feiringa til ein varm fest.

Etter at flagga gjekk til topps eller vaia frå mange verandaer gjekk vegen til Sunnylven kyrkje for mange. Like ved kyrkja vart det laget ned blomar av skuleelevar ved minnesteinen over dei frå Sunnylven som fall i andre verdskrig.

I Sunnylven kyrkje var det festgudsteneste ved sokneprest Stein B. Karstensen. I preika tok Karstensen fram at vi feirar ikkje makt, men det vi har oppnådd, friheit, likskap og brorskap. Sunnylven skulekorps og ungdomskoret Joyful var også med og bidrog til ein verdig starten på nasjonaldagen. Lars Karbø var heimkomen frå militærteneste og inntok både orgelkrakken i kyrkja og ved pianoet under Joyful sine framføringane av «Mitt lille land» og «Til ungdomen». To vakre songar som var ei lita preike i seg sjølv.

Frå kyrkja gjekk folketoget til Sunnylven omsorgssenter og tilbake til samfunnshuset der det var sal av kaffi og kaker, og leikar og onkurransar for born og vaksne.

Eit langt og fargerikt folketog på Hellesylt 17. mai.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380