Storsiger til gutelaget

Sunnylven G-16 spela med både fart og innsats mot Hessa/SIF på Hellesylt stadion torsdag og vann kampen 8 – 2.
Det vart vist mykje godt spel då G-16 laget kriga om poeng mot Hessa/SIF på Hellesylt stadion torsdag kveld. Spesielt heimelaget var kvikke i denne kampen og skåra jamt og trutt.
Men det var by-gutane som tok leiinga på eit flott langskot etter vel fem minutt av fyrste omgang. Etter det vart det mykje Sunnylven og til pause stod det 4-1.
Fyrste kvarteret av andre omgang vart spela utan dei store sjansane til nokon av laga, berre eit tverrliggarskot frå dei raude og blå vart notert. Men måla kom etter kvart og det var gjestane som reduserte etter knappe 65. minutt. Deretter var det heimelaget som styrte det meste og donka inn fire nye mål til siger 8-2. Laget missa på eit straffespark
På skåringslista for heimelaget kom Ruben Støverstein, 3 mål, Kristian André Frøysadal Hauge 2 mål, Markus Norangshol, Jakob Sæther og Espen Ringdal, 1 mål kvar.
God dommar var Erlend Matisen, Stranda IL (16).