Lokalnytt

«Summit to Sea» klar for nedlasting.

«Summit To Sea».

Iris Fivelstad står bak appen «Summit to Sea». Dette er ei turdagbok der ein digitalt registrerar aktivitetar ein har gjennomført. Den kan brukast både til aktivitetar på ski, på fjellet, på sykkel, i båt m.m.

Appen skal ikkje erstatte trimbøkene som ligg ute per i dag, men gi brukarane moglegheit til å lage sin eigen turstatistikk eller konkurrere mot venner, kollegaer eller andre om t.d flest besøk.

Appen er no tilgjengeleg i AppStore og GooglePlay for nedlasting. Ein kan og logge på via www.summittosea.no

Iris Fivelstad.

Iris Fivelstad fortel til hellesylt.info at alle trimpostane i Sunnylven er lagt inn. I tillegg er ein god del andre turmål i inn og utland på plass.

Brukaren kan imidlertid sjølv opprette eit eige favoritt turmål (location), dersom dette ikkje er med frå før. Brukarar på Stranda og Tenerife har alt gjort dette.

Appen er gratis, og brukaren kan laste opp bilete og kommentarar og dele si private turdagbok med vener på Facebook.

– Dei som lasta ned den gamle versjonen før Påske i år, eller opplever problemer med Appen, må laste den ned på nytt ettersom det vert gjort oppdateringar fortløpande, seier Iris.

Ho set og pris på om nokon vil dele bilete til dei lokasjonane som ikkje har bilete i Appen fra før.

Alle bilete, evt. feilmeldinger og spørsmål kan sendast til mail@norangdal.com

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info