Sunnfjording oppdaga Island.

For rundt 13000 år sidan steig Island, landet i nord-Atlanteren opp av havet. Dit kom sunnfjordingen Ingolf Arnarson og slo seg til i år 874. Vi har besøkt landet han fann.
Den aller fyrste norrøne busetjar som steig i land på Island skal ha vore Ingolf Arnarson frå Sunnfjord. Med sine båtar og trælar ombord segla han over havet og etter kvart fekk han sjå sitt nye land. Der kasta han på sjøen dei to høgsetestolpane , og sa til trælane sine at der dei dreiv i land skulle dei dragast opp, der ville han slå seg til. Dei dreiv i land der hovudstaden Reykjavik ligg i dag. Vika og staden kalla han Reykjavik då det steig opp røyk frå fleire underjordiske, varme kjeldene på staden.
I «The Settlement Exhibition» museet 871+/÷2 er ei stor utgraving av det ein meiner er hustuftene til Ingolf Arnarson, der han slo seg ned då han som den fyrste norrøne busetjar kom til Island.
Island sin gudfar, Ingolf Arnarson kom på sokkel midt i hovudstaden i 1907. Der står han og skuar ut over ein moderande by, på toppen av ein grøn bakke og der tusenvis av islendingar sat og såg på storskjerm under EM i fotball i 2016. Eit meisterskap der Island «bysta» seg og gjorde det godt mot langt meir folkerike og kjende fotballand.
Nyleg besøkte vi Island for aller fyrste gong, eit moderande land med 330.000 innbyggjarar. Landet har eit par store byar, ein stor flyplass og mange vulkanar og varme kjelder med Den Blå Lagune som den mest kjente. Der badar tusenvis av turistar i svovelluktande ljoseblått vatn. Men «lavalandet» i vest er mykje, mykje meir som vi vil fortelje om i «reisebrev» seinare.
Island held på å vekse seg ut av det økonomiske krakket som ramma landet for ti år sidan. Fiske og smelteverksindustri har skaffa landet dei største inntektene tidlegare, men no er turisme den dominerande næringa. Landet er sjølvforsynt av mange matvarer, mellom anna på grønnsaker som tomat og agurk grunna dei varme kjeldene.
Temareisa Fotefar varte i fem dagar der turdeltakarane fekk sjå kjende stader og fortalt om landet av reiseleiarane Sylfest Lomheim og Jan Harald Revheim.
Landet som vart sjølvstendig frå Danmark i 1944 har som øverste myndigheit president Gudni TH. Johannesson, og Alltinget med 63 representantar og statsminister Bjarni Benediktson. Om det held fram slik får tida vise, for på Island er det skipa eit parti som arbeider for å gjere landet til eit fylke under Norge. Til no har dei ikkje representantar på Alltinget.
