LokalnyttLokalsport

Sunnylven IL sterke i Molde 7topper

Premiepallen i damer 15 – 20: Kristine Hjellbakk Hole vann Molde 7topper med Hege Ringdal t. v. på ein flott tredje plass. Andrea Harstad Nakken Molde &Olymp If vart nr. to.

Sunnylven IL markerte seg med gode plasseringar i fjelløpet Molde 7topper. Beste prestasjon stod Kristine Hjellbakk Hole for med siger i damer 15 – 20 år.

Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL vann si klasse og hadde nest beste tid mellom damene i sti/fjelløpet Molde 7topper laurdag. Ho fullførte det 19 km. lange løpet på 2.22.50 og var 2.40 føre Andrea Harstad Nakken, Molde & Omegn IF. God var også Hege Ringdal, Sunnylven IL som kom på tredje plass i klassa og sluttid 2.44.08.

I damer 21 – 30 vart Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL nr. tre på 2.26.35. Her vann Karoline Holsen Kyte, Førde Il på 2.00.56 som var dagens beste dametid.

Best mellom herrane var Ola Hovdenakk, Skåla IL, 1.57.25. Tarjei Korsbrekke Sunnylven IL kom på 18. plass i 21 – 30 på 2.55.28.

Arrangøren skriv at Molde 7topper er eit sti/fjelløp som går på Molde sitt «tak». Start og mål er ved Romsdalsmuseet og løpet har ei samla stigning på 1400 høgdemeter. Løpet går over toppane Tusenårsvarden (Moldeheia), Skolmelia, Såta, Frænavarden, Audunshø, Togeheia og Varden.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380