Sunnylven skyttarlag gode i Lerum Cup

Nærare 800 skyttarar frå heile landet deltok i årets Lerum Cup i skyting som vart arrangert i Sogn denne veka. Sunnylven Skyttarlag hadde 8 skyttarar med i stemna.
Tekst/foto: Rune Tryggestad
Heile fem stemner i Hafslo, Sogndal, Leikanger, Knipenborg (Årdalstangen), Farnes (Øvre Årdal) tel med i med i cupen. Det var knallhard konkurranse og stor prestisje i alle klasser om å gå til topps både i enkeltstemna og samanlagt.
Sunnylven sine åtte skyttarar hevda seg godt i den skarpe konkurransen. Aller best skyting viste Kristian Frøysadal Hauge på 100 m. Han knalla til med stemneresultata 348 -349- 349- 350- 350 poeng . Berre 4 poeng mist på 175 skot. Dette gav han 6 plass samanlagt av 89 skyttarar i den knallharde eldre Rekrutt 14-15 års klassa. Imponerande å skyte 350 poeng for fyrste gong og det attpå til to gonger same helg.
I Rekruttklassa 11-13 år imponerte og broren Isak med 349 poeng i Sogndal. Minstebror Ørjan skaut og fine 342 poeng her.
På 200 m hadde Ivar Fivelstad i kl 5 det beste enkeltresultatet med 343 p i Leikanger. Godt skaut og Dag Andre Hauge i kl 4 med 341 p og Kjell Oddvar Frøysa med 338 p som beste enkeltresultat .