Tapte borte, vann stort heime

Sunnylven og Blindheim Blå takkar kvarandre for kampen.

Sunnylven sitt G 12-lag har spela to kampar så langt, mot Valldal og Blindheim Blå.

Det vart tap 2 – 5 mot Valldal på bortebane i årets fyrste kamp for Sunnylven G 12-laget.

Mot Blindheim Blå på Hellesylt stadion 1. mai gjekk det betre. Etter 4 – 2 ved pause rulla måla inn på slutten til 10 – 3 og klar siger. Kampen vart godt leia av to av Sunnylven Fotball sine 13 nye rekruttdommarar, Espen Ringdal fyrste omgang og Sara Sæther andre omgang..

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380