LokalsportNotiser

Tapte mot Hødd

Damekampen på Hellesylt stadion mellom Stranda/Sunnylven og Hødd Rekrutt enda med siger 5 – 1 til gjestane frå Ulsteinvik.

Samarbeidslaget i damer 4. divisjon, Stranda/Sunnylven møtte eit godt lag på Hellesylt stadion torsdag kveld. Hødd Rekrutt har vunne alle sine tre fyrste kampar i år med klare siffer. Eit solid resultat vart det også for dei kvite og blå på Hellesylt stadion. Då domar Mevludin Ribic VRF bles for full tid stod det 1 – 5 på resultattavla. Ved pause var stillinga 1-2 til Hødd Rekrutt.

Gjestane tok leiinga 1-0 etter 19 minutt og dobla fire minutt seinare. Like etter reduserte Andrea Lie Kirkhorn for heimelaget.

I andre omgang la Hødd Rekrutt på tre nye mål frå 55. til 65 minutt, Dermed 5-1 siger og alle poenga til gjestane.

Stranda/Sunnylven kjempa godt i fyrste omgang. Det bor mykje fotball i det unge laget, men torsdag vart det litt oppjaga og upresist spel, spesielt i andre omgang. Forsvarsspelet var likevel bra sjølv om det vart tap, men i angrep mangla laget både fart og skotkraft i denne kampen. Heimelaget sin beste spelar mot Hødd Rekrutt var Anniken Hjellbakk Hole .

Stranda/Sunnylven sitt lag:

Lillian Aasheim, Helene Olavsen Hjelle, Tina Elisabet Jøsok, Seva Ansok Farstad, Nikoline Koppang, Ragnhild Årvik, Amalie Ringdal Birkhol, Silje Stadheim, Marie Vangen, Andrea Lie Kirkhorn, Emma Olin Holmberg, Anniken Hjellbakk Hole, Sofie Berge Sæbø, Guro Flydal Ringdal.

Lagkaptein Anniken Hjellbakk Hole var Stranda/Sunnylven sin beste spelar i kampen mot Hødd

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380