Notiser

Til sagaøya Island

Høfdi-huset der Reagan og Gorbatsjov møttest i oktober 1986.

Sagaøya Island har mykje av variert, dramatisk og urøyvd natur. Landet på storleik med sør-Norge i flatevidd har vulkanar, varme kjelder og store sletter skapt av lava.

Opplevingsreisa til Island

I fem dagar varte vår opplevingsreise til Island. Vi gjekk eller krusa rundt i buss og fekk oppleve eit spanande, men også mykje likt som i heimlandet Norge. Historia fortel om busetnad og eit folk der kamp, gjerne med dødeleg utfall var måten å forhandle og løyse tvistar på i gamal tid.

I nyare tid har Island bidrege positivt til verdenspolitikken. I Reykjavik fekk vi sjå huset der presidentane Ronald Reagen og Mikhail Gorbatsjov møttest i oktober 1986. Mange huskar nok TV-bilda der dei etter forhandlingar kom ut på trappa og handhelsa på kvarandre som vener. Det var starten på slutten av Den kalde krigen.

Interiør frå kulturhuset «Harpa».

«Harpa»

Like ved forhandlingshuset, opphavleg eit ferdighus frå Lillestrøm, ligg det nye kulturhuset «Harpa». Bygginga starta i åra då landet hamna i det store økonomiske krakket og huset vart ståande halvferdig. Men historia fortel at dei hadde heller ikkje pengar til å rive, så det vart fullført for knappe 2.0 milliardar kroner. Det angrar ikkje islendingane på i dag, det er eit praktbygg på alle måtar som turistar strøymer til for å sjå, og har ein konsertsal og akustikk som er av det beste i Europa.

Hallgrimskyrkja

I Reykjavik ligg Hallgrimskyrkja, den største på Island. Kyrkja er kalla opp etter den store salmediktaren Hallgrimur Pétursson. Hadde vi slege saman Blix, Landstad og Hovden hadde dei til saman blitt like store som Hallgrimur, vart oss fortalt.

Hallgrimskyrkja, høgreist og vakker innvendig og med eit stort kyrkjeorgel.

Hallgrimur Pétursson ville bli prest, men vart aldri ferdig utdanna. Under studiane i København møtte han ei kvinne, mykje eldre enn han og som var lauslaten frå harem Marokko etter at ho og sonen vart røva av afrikanarar på Island. Mannen hennar kom seg unna der og då, men omkom seinare på havet. Kvinna var no kjøpt fri, men sonen hadde ho mista. I København vart ho med barn med den unge prestestudenten.

Hallgrimur fullførte ikkje presteutdanninga si etter dette, men på Island vart han ein så dugande forkynnar og salmediktar at biskopen utnemnde han til prest likevel. Han vart enkemann tidleg og sjølv døydde han berre 60 år gamal. Men Hallgrimkyrkja står der høgreist og vakker i betong til minne om Island sin største salmediktar.

Like inntil kyrkja står ei statue av Leif Eiriksson, mannen som historia seier oppdaga Amerika.

Like ved inngangen til Hallgrimskyrkja står Leif Eiriksson høgt på sin sokkel.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380