Lokalnytt

Ungdom med sterke opplevingar

Simen Almås, 23 år, men med mange sterke og dramatiske hendingar i livet alt.

Meir enn hundre unge og eldre fylte opp i den minste salen i Sunnylven samfunnshus måndag kveld. Dei fekk høyre Simen Almås fortelje om to dramatiske hendingar i livet sitt.

Simen Almås frå Gjøvik er i dag 23 år. Han fortalde om seg sjølv som ein frisk og engasjert gut som gjorde og fann på mange spreke ting saman med kameratane i oppveksten. Det gjekk ofte litt for vilt for seg og enda med både sår og brotskadar.

Bensin på bålet

Simen hadde få bekymringar i livet, men 6. august 2007 skulle endre på det. Han var 13 år og hadde lage ei «røykbombe» ute i hagen. Han tente på tørt gras pakka i aluminiumsfolie, men det brann for dårleg. Han gjekk i garasjen for å hente ei kanne bensin og hella over. Då vart det fyr i grasballen, men flammen fylgde bensinstrålen inn i kanna som eksploderte. Simen vart ein levande, brennande fakkel.

Overlevde

Hendinga enda med tredje grads forbrenning og tolv dagar i koma på Haukeland sjukehus. Han overlevde, men hadde ikkje utsjånad som andre med arr og skrukkete hud. Han var flau av seg sjølv, men kom tilbake til det daglege livet gjennom å prate om utsjånaden og akseptere seg som han var.

Sommarleiren

Fire år seinare var Simen og kameratar på AUF sin sommarleir på Utøya. Bakgrunnen for det som skjedde 22. juli 2011 vil han ikkje gruble så mykje over. Han såg venner som aldri kom heim slik han gjorde etter den skrekkelege opplevinga. Etter slike stunder veit han å sete pris på familien, på dei litt kjedelege familieselskapa der han heller hadde mest lyst å vere saman med vennene sine, sa Simen Almås.

Levereglar

Med sitt foredrag som han reiser rundt i landet med, ønskjer 23-åringen å inspirere andre med både psykiske og fysiske vanskar å ta vare på dei gode hendingane og ha som mål å leve vidare på dei. Kommunikasjon og gjensidig respekt, haldningar, menneskesyn, toleranse og anerkjenning er gode levereglar. Det gjeld om å bruke dei mulegheiter livet gjev til noko positivt, meinte Almås.

Realistisk

Det vel timelange foredraget han hadde kalla «Tilbake til livet» fenga dei frammøtte. Det var ei stille og lyttande forsamling som fekk seg servert to dramatiske hendingar som begge fekk eit lukkeleg utfall. Foredraget handla mykje om at måla i livet må vere realistiske, men det gjeld likevel om å bruke mulegheitene og ressursane ein har fått.

Det var Sunnylven sanitetslag som stod bak møtet, i samarbeid med FAU ved Sunnylven skule. Lions Hellesylt og Sparebanken Møre støtta arrangementet økonomisk.

Den vesle salen i Sunnylven samfunnshus var fylt til siste plass under kåseriet måndag kveld.
Leiar i Sunnylven sanitetslag Kari Hauso Stadheim takka Almås for kåseriet og overrekte ei lita gåve, Ringdalmør frå den lokale kjøttvarebedrifta på Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380