Ungdomen underheldt på folkefesten

Ni elevar frå 10. klasse ved Sunnylven skule heldt tale for dagen under folkefesten. Her er alle samla etter at dei har delt sine tankar med publikum.

Folkefesten på Sunnylven samfunnshus 17. mai hadde mindre frammøte enn vanleg i år. Programinnslaga var derimot mange og varierte.

Folketoget gjennom Hellesylt sentrum til omsorgssenteret og tilbake til samfunnshuset var både langt, folkerik og fargerikt. Men det fine veret i Sunnylven var nok årsak til at frammøtet på folkefesten var mindre enn vanleg denne gongen.

Unge aktørar

Arrangøren Sunnylven Idrottslag hadde sett saman eit variert program som opna med flotte tonar av Sunnylven skulekorps. Korpset imponerte gjennom heile dagen nok ein gong med å halde tempoet oppe og fekk skryt frå mange, Sjølv vil eg halde meg til det gamle karaktersystemet og deler ut Sers godt pluss. Bygda har ein stor musikalsk rikdom i korpset, så håpet og oppmodinga må vere; stå på musikantar, dirigent og korpsleiing.

Leikarringen i HUL både dansa og song på nasjonaldagen, her frå opptreden ved omsorgssenteret.

Frå scena i Sunnylven samfunnshus fekk publikum også møte elevar frå kulturskulen på både fele, piano og i song, og barneleikarringen underheldt med dans til musikk av Synnøve Hjellbakk Hole på fele og Erik Torset gitar. Tidlegare på dag hadde leikarringen opptredd med song og dans også ved Sunnylven omsorgssenter.

Reflektert festtale

Talen for dagen var ved elevar frå 10. klasse ved Sunnylven skule. Alle hadde sine sekvensar og minte om at fridom ikkje er ein sjølvfylgje i våre dagar. Oppmodinga deira var at vi alle hjelper og tek vare på kvarandre.’

Også Henrik Wergeland og Bjørnstjerne Bjørnsom vart vist til, begge sentrale personar i grunnlovs –og nasjonalfeiringa. 17. mai er vår nasjonale festdag med born og vaksne om kvarandre, i motsetning til enkelte andre land der det er store militærparadar, vart sagt mellom anna. Og dei minte alle om at i Sunnylven har alle det godt med nok mat på bordet kvar dag, noko ein bør huske å takke for. Ta vare på kvarandre, var sluttappellen frå dei ni elevane, før heile forsamlinga song med unisont i «Gratulerer med dagen».

Det var ei kjempegod tale tykte mellom anna festleiar og leiar i Sunnylven IL, Per Ingebrigt Karbø. Han overrekte dei ei lita gåve til reisekassa når dei startar på sin klassetur til Trondheim og nokre veker.

17. mai på Hellesylt var vakker, og med Hellesyltfossen som var stor og «bysten».

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380