Verdsarvprest også i sommar

Som i 2016 har Morgan Berg også i år gudstenesta på Høgreiten 9. juli under Hellesyltdagane.

Morgan Berg får tittel som verdsarvprest også denne sommaren. Han tek til i jobben som varet frå 25. juni til 18. juli.

Ordninga med Verdsarvprest blir slik ho var i fjor sommar. Også då var Morgan Berg tilsett for å gjere teneste i Sunnylven, Geiranger, Norddal og Valldal med bustad i Geiranger. Teneste i Verdsarvområdet vil vere både for turistar og fastbuande.

Under Hellesyltdagane blir Morgan Berg ansvaret for gudstenesta på Høgreiten søndag 9. juli, skriv prost Svein Runde i e-post til hellesylt.info.

Morgan Berg var prestevikar i Sunnylven og Geiranger i 2012. Etter å ha jobba som Verdsarvprest i 2016 kjenner han både folket og naturen godt.

Vi veit at Berg har takka ja til også å vere programleiar på utescena under Hellesyltdagane, eit oppdrag han skjøtta framifrå i fjor.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380