Lokalnytt

Aktivitetsdag ved Sunnylven skule

Naturstigruppe på veg til Svarthammaren.

Torsdag var det aktivitetsdag ved Sunnylven skule med både natursti og fleire aktivitetspostar på skuleområdet.

Det var kanskje ikkje sommarvarme på Hellesylt torsdag, men for elevar og lærarar betydde det lite. Aktivitetsdagen ved Sunnylven skule gjekk som planlagt.

Dei rundt 80 elevane vart delt i grupper, blanda med unge og eldre. Deretter var det utfordringar både i balanse, smidigheit, tur i blinde, hesteskokasting og oppfylling av flasker med vatn transportert i munnen. Andre grupper la ut på natursti frå skulen til Svarthammaren og tilbake. Løypa hadde tolv postar der det skulle svarast på to spørsmål på kvar post.

I storefri var det grilling av pølse med brød frå Ole Ringdal AS. Aktivitetsdagen vart avslutta med volleyballkamp mellom lærarar og elevar i 10. klasse med knepen siger til lærarane.

Sjå bilete frå ein flott aktivitetsdag ved Sunnylven skule.

[metaslider id=17873]

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380