Årets messeavis er klar

Årets messeavis for Hellesyltdagane 2017 er no levert frå trykkeriet og ute for gratis utdeling. Avisa kjem i postkassene til husstandar i Nordfjord og store deler av Sunnmøre i eit opplag på 35.000.
Hellesyltdagane, eller det som i 27 år heitte Sommardagar på Hellesylt, feirar i år 30 år. Arrangementskomiteen har tydeleg vis merka seg jubileet, for innhaldet i Dagane er både variert og spanande for både unge og eldre. Her er det ikkje spart på kjendisar frå fredag til søndag kveld. Vi kan ramse opp etter vår fyrste gjennomlesing av avisa; Maria Haukaas Mittet, Sandra Lyng, Elvira Nikolaisen, Ann-Marita Garsed, Eldar Vågan, dansebandet Crashville, Tico, Emilie Tryggestad Ryste og fleire lokale «stjerner».
På utescena får vi også møte nestleiar i Norsk journalistlag, Dag idar Tryggestad som står for opning av Dagane laurdag, og programvert i år som i fjor, Verdsarvprest og fungerande sokneprest i Borgund, Morgan Berg.
På siste side i den 24 sider store messeavis er det trykt ein programoversikt med klokkeslett. Ikkje alt er ramsa opp her, men det meste blir omtala inne i avisa. Der kan ein lese om det som skjer på Hellesylt frå fredag kveld 7. juli til søndag 9. juli. I tillegg har arrangøren fylt godt opp i avisa med bedrifter og organisasjonar som støttar utgjevinga med annonser.
-Hipp hurra for 30 fantastiske år!, skriv arrangøren på framsida av messeavisa. Alt tyder på at også årets Hellesyltdagar går inn i rekka av flotte arrangement som kan ropast hurra for.