Lokalnytt

Båtdåp ved Ljøfossen

I mars i 2016 var Iris Fivelstad gudmor til ribben Sunnylvsfjord. 10. juni året etter er det klart for ribb-dåp nummer to hos selskapet Bonseye.

Laurdag 10. juni skal den nyaste ribb-båten til selskapet Bonseye på Øvre Ljøen få sitt namn. Dåpen skjer i Sunnylvsfjorden ved Ljøfossen.

-Det blir skipsdåp komande laurdag, fortel Bente Bonsaksen. Då skal den nye «grøne», svarte og oransje ribbåten til familiebedrifta Bonseye få namn. Dåpshandlinga skal skje like ved Ljøfossen, men kva ribben, ein katamaran med to kjølar skal heite er fortsatt ei godt bevart hemmelegheit. Det same er namnet på person som skal utføre skipsdåpen.

Gratis tur

-Alle som er interessert i å vere med på hendinga kan møte opp i småbåthamna på Hellesylt og få seg gratis ribbtur. Vi køyrer fleire turar gratis så lenge der er folk som vil vere med så det er berre å møte opp laurdag klokka 12.00, seier Bente Bonsaksen på telefon. Bonseye har no to ribb-båtar. Den fyrste vart døypt ved Dei Sju systre i fjor vår av gudmor Iris Fivelstad og fekk namnet Sunnylvsfjord.

Billettsal på stand

Under Hellesyltdagane vil Bonseye ha stand i Hellesylt sentrum for å selge ribb-turar og billettar til konserten med Elvira Nikolaisen og musikarar laurdag 8. juli klokka 20.00. Konsertbillettar kan også kjøpast ved inngang til utescena ved Fjellgården Øvre Ljøen Amfi, opplyser Bente Bonsaksen. Les også: https://www.hellesylt.info/2017/05/selskapet-bonseye-sjosette-ny-ribbat/

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380