Lokalnytt

Blomar til korpsdirigent Berg

Styreleiar i Sunnylven skulekorps Anita Langeland takka Trond Otto Berg for innsatsen for korpset med gode ord og bloma

Under Sommarkonserten med Sunnylven skulekorps og elevar frå kulturskulen fekk dirigent Trond Otto Berg blomar frå korpsleiinga.

Det var styreleiar i skulekorpset, Anita Langeland som overrekte ein stor bukett kvite roser til Berg. –Vi vil takke deg for det arbeid du legg ned for korpset. Vi har eit korps som bygda er utruleg stolte av og det har du mykje av æra for, så tusen takk, sa Anita Langeland. Ei påskjønning som fekk applaus frå ein fullsett sal og som dirigenten takka så mykje for.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380