Lokalnytt

Botsja-duell ved «heimen»

Jorun Trøen (i midten) organiserte alt kring Borsja-konkurransen for pensjonærar på Sunnylven omsorgssenter torsdag.

Sommarvarmen var litt på besøk torsdag og då vart det Botsja-konkurranse ved Sunnylven omsorgssenter.

Det vart kjempa om sigeren med kuler ved Sunnylven omsorgssenter torsdag. Aktivitør Jorun Trøen hadde lagt opp til Botsja for dei som hadde lyst, og det vart etter kvart fleire. Kunsten er å hive ei stor kule så nær ei lita som råd nokre meter unna. Ikkje alltid så lett, for då terrenget var litt hallande ved omsorgssenteret ville den store kula rulle litt for langt.

Dei som takla den uhøgtidelege tevlinga best i følgje vår fotograf og referent, Jan Erik Øksvang var Hildur og Elin. Dei vann dermed første pris, ukjent kva det var, men vi fekk opplyst at dei delte premien broderleg med konkurrentane.

Alle foto: Jan Erik Øksvang.

Hildur og Elin , dei to frå venstre vann konkurransen.
Deltakarar i Botsja-konkurranse.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380