LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2017

Brukte natta på fyrste messeavis

Den fyrste messeavisa frå 1997 hadde omtale av fleire gode postar på programmet også den gongen.

I 1997 kom arrangøren av Sommardagar på Hellesylt ut med eiga messeavis. Kvart år sidan då har det blitt produsert ei fyldig avis som er sendt ut gratis til store deler av Sunnmøre og Nordfjord.

Hellesyltdagane har i år 30-års jubileum, men også messeavisa kan jubilere. I 1997 kom den fyrste ut i eit opplag på 33.000 eksemplar. Ansvarleg redaktør var nestleiar i styret for Norsk journalistlag Dag Idar Tryggestad, og med assistanse av Arild Ringdal. God medhjelpar i utgjevinga var også årets komiteleiar Svein Sporstøl. Dei tre saman med Per Svein Hole og Olav Fivelstad utgjorde nemnda for Sommardagar på Hellesylt det året.

Nattarbeid

Det var ein litt «kjapp» ide som dukka opp då det vart bestemt å gje ut ei eiga messeavis for Sommardagar på Hellesylt i 1997. Ikkje alle hadde tru på at det var verd arbeid og pengar medan andre tykte det måtte vere topp, kan Svein Sporstøl minnast. Avis skulle det bli så bilete vart tekne og mykje tekst var ferdig skrive. Men det var tidsnaud så for å få avisa ferdig og distribuert reiste Sporstøl og medhjelparar til avisa Fjordingen i Stryn for å ta del i arbeidet. Dei skulle vere tilbake på Hellesylt i 22 – 23-tida. Liv Jorunn Sporstøl fortel at slik gjekk det ikkje. Klokka vart både 01 og 02 og ho vart meir og meir bekymra for om noko gale var skjedd og ringde. Jau, no var dei snart ferdige, fortalde Svein. Men tida gjekk og klokka 05.00 dukka «karane» opp frå Stryn. Den fyrste messeavisa for Sommardagar på Hellesylt var klar for trykking og deretter utsending.

Messedans på fjorden

Det vart ei messeavis på 16 sider med omtale av arrangement helga 4. til 6. juli 1997. I avisa les vi at det året vart den aller fyrste sommardagkonserten i Sunnylven kyrkje arrangert med Ytre Suløen Jassensemble og vokalist Guro Håvik.

«Dagane» vart opna av ordførar Anne Lise Lunde og konferansier på utescena var Arill Riise. Stranda kommune sitt kulturminne var kåra og det var badehuset på Hellesylt. Toralv Maurstad deklamerte blant Oddvin Parr sine Peer Gynt relieff i Grandkjellaren, og det var messedans om bord i turistferja Bolsøy på Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden.

Søndag var det Postvegmarsj over Ljøbrekka, open gard på Helset, showkamp på Hellesylt stadion og mykje, mykje meir.

Snart ny messeavis

Svein Sporstøl trur at eiga messeavis har betydd mykje for publikumstilstrøyminga til Hellesyltdagane. Her får publikum god informasjon om det som skjer og når det skjer under «Dagane», seier han.

Den fyrste messeavisa for Sommardagar på Hellesylt kom ut i svart/kvitt, berre med litt farge på framsida. I år kjem messeavisa ut 30. juni i 24 sider og fargar, opplag 35.000 eksemplar og med omtale av mykje spanande å oppleve på Hellesylt frå 7. til 9. juli.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380